Formgivar og språkarbeidar. Varierer mellom å fylle dagane med å designe og å omsetje bøker – og av og til andre greier. Utsklidd sunnmøring busett i Leikanger i Sogn. Kontor på loftet til Skald forlag. Sporadisk oppdatert portfolio på vidnes.xyz.
Øystein Vidnes
Loading...
Teksten er ikkje heilt ny, han stod på trykk i Vagant i 2023, men kan heldigvis ha gått mange hus forbi. Han toler framleis ikkje dagens lys, men kan no oppsøkast på den akkurat passe opplyste avkroken av internettet som heiter Vagants nettsider.
www.vagant.no/stoverein-porn…
Machado er gammal nok til å vere tipp-tipp-tipp-tippoldefaren din, men han snurrar deg rundt lillefingeren. Og så vidare. Så når kabalen til Skalds klassikarserie skulle leggast, sat eg til slutt i saksa. Kva med Machado? Joda, Machado må med, han skreiv jo mellom anna ei vill mengde gode noveller.
Eg oppdaga den brasilianske forfattaren Machado de Assis for alvor då vesle Ka forlag i 2013 gav ut romanen «Brás Cubas’ posthume memoarer». Omsetjinga til Christian Rugstad gav meg tiårets største lesaroppleving, om ikkje hittil i tusenåret. Her er eg, Machado og ei hengekøye ved norsk fjord.
Det er muligens ikkje alle som er klar over at Carl Barks demonstrerte den første funksjonelle alfaversjonen av chatgpt i juni 1960.
Akkurat som med folk, er det enkelte bøker som vrir og vender seg og kjem baklengs ut i verda, dette er tydelegvis ei av dei. Her er altså vrangsida av ei komande bok.
Sidan har eg misjonert for Machado ved alle gode høve. Machado er dei muntre og forelska sjelers Kafka. Machado er ein luring, men han er alltid din venn. Machado er like morsom som Laurence Sterne, men flinkare til å fortelje historier. Machado er meir menneskeleg og sårbar enn Borges.
Det er seksti år sidan romanen «Uten en tråd» kom ut. Eg har skrive ein tekst om boka si rolle i min støvete ungdoms vår, og om korleis det gjekk til då eg skulle skrive særoppgåve om Lilians jakt på orgasmer, under det strenge blikket til lektor Bjørdal ved Volda vidaregåande skule.
Og kven skal omsetje? Kan du ikkje portugisisk, kanskje? Joda, joda. Eg har aldri vore i Brasil, men eg kan jobbe hardt. Skulle kanskje tatt ein tur til Rio, men det får eg unne meg til min eigen 187-årsdag. Eg unnar dykk Machado. Meir Machado. Aldri nok Machado. Her er han. Versågod.
Ein gong var litteraturen farleg, så farleg at rettsstaten måtte slå ned på han.