Poet. Mind the gap between your meaning and the world.
Helge Torvund
Loading...
GODE TING ER TRE
Eg tenkjer på tre
Eg tenkjer på tre gode ting
Gløden i solvarm furubork
Raudbrun ekornpels
Morgonfreda rådyr
GJ AV GT
Gunnar Torvund var Festspelutstillar i Bergen i 1987 og hadde då med eit markant portrett av Georg Johannesen som ein slags oldtidsfilosof.
Ein dunmjuk dag
lener seg
mot stilla.
Ingenting er perfakt.
Helge Torvund
Helge Torvund
Helge Torvund
Helge Torvund
Helge Torvund
Ognaelva.
14 ÅR
Hva kommer de til å gjøre med han
som alltid ser seg to ganger rundt
og drar hånden gjennom håret før han svarer –
som ikke har muskler i mellomgolvet
bare en tue fioler
med rottråder helt inn til ryggen?
Godtar de fioler?
[Av Annie Riis]
Svanefamilie.
Står og ser på den fine kurva elva gjer ved sida av det komande kornet i åkeren. Eg ender opp i mitt revir i skogen og sanddynene. Lyset som fell på det som veks i skogboten. Mønstera av skugge og spelet av glitrande sol. Bregneferdig. Det mjuke i dette. Gullregnbogen.
SØNDAGSTUR I SANDDYNENE
Sidan eg går
i mitt fem og syttiande år
går eg seint og med små steg
slik at ikkje stien og spoven
skal tru at eg er ein ung jypling.
Men dei kjenner meg vel att.
Veit kor dei har meg.
Dei har meg her.